Trebasert innovasjonsprogram fortsetter

I forslaget til statsbudsjett for 2013 ligger bevilgningen til Trebasert Innovasjonsprogram på nivå som tidligere – 28 millioner kroner. Dette skal man benytte sammen med et innhugg i de generelle bedriftsvise virkemidlene i Innovasjon Norge.

Et eksempel på innovativ bruk av tre er detteplanlagte høyhuset for boliger i Bergen. (Foto: Artec/BOB)
Et eksempel på innovativ bruk av tre er detteplanlagte høyhuset for boliger i Bergen. (Foto: Artec/BOB)

Senere i høst blir det invitert til et åpent dialogmøte om retningen for strategiprogrammet.

Bidratt til økt forbruk
Innovasjon Norge har utarbeidet en oppsummering av Trebasert Innovasjonsprogram for 2011, der det blant annet fremgår følgende:

Det viktigaste området i 2011 var utvikling av nye løysingar for bygg og utvikling av leverandørar i byggmarknaden. Nye konsept for landbruksbygg, samferdsle, forretningsbygg, nye energiløysingar i husvære, høghus og massivtre er dei viktigaste områda. Potensialet for auka bruk av tre er vurdert å vere størst innan desse segmenta. 80 pst av prosjekta var bedriftsretta, noko som er i tråd med måla for programmet.

Løyvinga for programmet var på 18 mill. kroner i 2011. I tillegg blei det overført om lag 20 mill. kroner frå det tidlegare Treprogrammet. Det blei gitt tilskott til 58 prosjekt med eit totalt beløp på 30,2 mill. kroner.

Programmet har i 2011 halde fram med å utvikle det regionale nettverket av drivarar. Saman med næringa og det regionale partnarskapet er det no etablert drivarfunksjonar for treområdet i 13 fylke fordelt på 8 regionar. Programmet bidreg til å koordinere drivarane og med nødvendig fagleg støtte. Drivarane arbeider med å stimulere trebedrifter til å tenkje nytt og utvikle seg vidare. Samarbeidet mellom dei regionale drivarane er vidareutvikla i i 2011.

Samarbeidet mellom Trebasert innovasjonsprogram og Noregs forskingsråd (NFR) sitt program Natur og næring er ført vidare, mellom anna gjennom koordinering av søknadar mellom dei to institusjonane. Dette har blitt ein effektiv og god arena for å samordne verksemda. Prosjekta blir i tillegg koordinerte med Skogtiltaksfondet, Utviklingsfondet for skogbruket og skogbruket sitt verdiskapingsfond. Programmet har òg eit samarbeid med NFR om kva for område det skal satsast på i programutlysingar.

Arbeidet med å gjere programmet betre kjent er vidareført i 2011, og saman med Landbruks- og matdepartementet har innovative prosjekt som er gjennomført innan trebransjen blitt presenterte i media.

Kvinner er generelt dårleg representerte i trenæringa. Talet på kvinner i prosjekta aukar, men ligg endå lågt i forhold til gjennomsnittet for alle prosjekta i Innovasjon Noreg (IN).

Programmet blei i 2011 evaluert av Econ Pöyry. Evalueringa konkluderar med at programmet reelt sett er med på å auke bruken av tre og bidreg til nyskaping. Ein annan viktig konklusjon er at så lenge det er eit politisk mål å auke bruken av tre som materiale, er ei vidareføring av Trebasert innovasjonsprogram eit hensiktsmessig tiltak.
 


 
NoAd